Ho er søt, einsemdi,
so lenge vegen attende
til dei hine
er open.
For du skin ikkje
for deg sjølv.
Men den dagen berget
dett i
attum deg,
stend du og ropar
i blind angst
og slær knokane
mot ein stengd vegg.
Og du klagar til
stjernone,
steinane, havet og
vinden
og trur dei veit
og gjer deg
ringare enn dei.
Å, du attum einsemds
berg!
Det renn attende
so løynd ei elv,
um du som Sinbad
torde fylgja henne.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar